Skoltesamisk fonologi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Skoltesamisk fonologi, eller skoltesamisk lydlære, er grammatikken til språklydane i skoltesamisk.

Vokalar

Skoltesamisk har eit rikt vokalsystem, med 10 vokalar fordelt over 4 ulike opningsgradar. Alle vokalane kan i tillegg vere korte eller lange.

Meir informasjon fremre, midtre ...

Vokalane kan danne 12 ulike diftongar. Alle diftongane er fallande. Dei har enten i, u eller e som initial vokal. Åtte av diftongane dannar to parallelle system, der dei høge vokalane i og u har dei fremre og midtre halvtronge og halvopne vokalane e, ɛ, ɘ, ɐ som andre komponent.

Meir informasjon fremre, fremre og midtre ...

Vokalane kan også vere korte eller lange, sjølv om det ikkje kjem fram av skriftspråket.

Remove ads

Konsonantar

Konsonantane i skoltesamisk går fram av denne tabellen. Skriftspråket sin versjon av lydane står i parantes.

Meir informasjon labial, dental / alveolar ...
¹Ustemde klusilar og affrikatar blir uttala aspirert etter vokalar og sonorante konsonantar.
²Stemde klusilar og affrikatar blir uttalt svakt stemd.
³Lyden / x / har også allofonen [ h ] initialt.

Konsonantane kan vere både korte og lange (geminatar) ordmedialt og -finalt, begge er vanlege. Konsonantlengd er det mogleg å skilje også i konsonantrekkjer, ikkje berre mellom vokalar: kuõskkâd ’røre’ : kuõskam ’eg rører’.

Remove ads

Suprasegmental fonologi

Ein suprasegmental fonologisk prosess er ein prosess som involverer meir enn eitt segment, dvs. meir enn ein lyd.

Skoltesamisk stavingsstruktur

Den sentrale suprasegmentale prosessen i skoltesamisk er palatalisering. Stavingar kan vere palataliserte eller upalataliserte. Viss dei er palatalisert er dei markert med palataliseringsteiknet ʹ mellom kjerne (vokal) og koda (utlyd) i stavinga.

Litteratur

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads