Skraphalar

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Skraphalar
Remove ads

Skraphalar er tre fugleartar som utgjer den biologiske slekta Orthonyx. Slekta er i dag plassert i sin eigen familie Orthonychidae. Desse sporvefuglane er endemiske for Australia og Ny-Guinea. Kjenneteiknet for skraphalar er brei, kraftig stjert med stive fjørskaft. Dei stør seg på stjerten når dei tar opp føde.

Thumb
Stripeskraphalar
Kjappe fakta

Stripeskraphale, Orthonyx temminckii, er frå søraustlege Australia, der arten er veldig lokalt utbreidd, og strengt bakkelevande. Vengene har kvite band, og haka, halsen og brystet er heilt kvite hos hannen, men lyst raudoransje hos den hofuglen. Tertiærfjørene, remiges, er særs korte, avrunda og mykje innkurva, det syner ein svak flygar. Halefjørene er svært breie, skafta stive, og mot spissen har dei mothakar. Populasjonen som finst lokalt på Ny-Guinea er no generelt rekna som ein eigen art, papuaskraphale, Orthonyx novaeguineae.

Brilleskraphale, Orthonyx spaldingii, frå nordaust Queensland er mykje større enn dei to andre artane, med ei blekksvart fjørdrakt, hannen har kvit hals, hoa har oransje til raudbrunt på halsen.

Generelt er alle artane bakkelevande fuglar og svake flygarar. Dei byggjer kuppelforma reir på eller nær bakken. Insekt og larver er den viktigaste matkjelda deira. Hannane kan gjere danseoppvisingar som liknar dei ein finn på spelplass med lyrehalar.

Remove ads

Kjelder


Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads