Skredhaugen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Skredhaugen er eit friluftsmuseum eit par kilometer nord for Lofthus, i Ullensvang kommune. Museet består av ei samling gamle trehus som er laga i den tradisjonelle stilen som var vanleg i Hardangerbygdene for 100-200 år sidan.
Skredhaugen vart kjøpt av kunstnaren Bernhard Greve i 1918. Etter oppkjøpet flytte han fleire gamle hus hit frå ulike gardar i Sørfjorden og lukkast i å skapa eit naturtru museum. Inni husa finn ein i dag kunstutstillingar, og om lag 2000 gjenstandar frå det gamle Hardanger.
Skredhaugen er i dag ein del av Hardanger og Voss museum. Det er gratis å vitja og sjå på Skredhaugen heile året. Om sommaren kan ein dessutan få guiding rundt om på Skredhaugen.
Remove ads
Kjelder
- Hardanger Folkemuseum si side om Skredhaugen. Arkivert 2007-10-07 ved Wayback Machine.
- Store Norske Leksikon om Bernhard Greve
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads