Skrivarbrød
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Skrivarbrød eller skrivabrød er ei lita, flat kake ein har teikna eller skrive på under steikinga.[1] Retten stammar frå Austlandet i Noreg.[2]
Skrivarbrød er ei form for goro eller avletter som ein dekkjer med litt røre etter at dei er steikte fyrste gongen. Denne røra er ganske tjukk, og kjend under ulike namn som åkost, åvkost, kosu og kosse.[3] Ein stryk henne utover kaka og lager eit mønster i henne, til dømes med ein kam. Ein kan laga mønster på begge sider, eller berre ei av dei. Også kanten blir pynta.[4] Etter pyntinga steiker ein dei på nytt med open varme, i gammal tid open peiseld, i nyare tid varme frå elektrisk takke eller grillelement i steikeomn.[3]
Retten er tidkrevjande å laga, og er tradisjonelt festmat. Ein kunne ha ulike mønster for dåp, bryllaup, gravferd og meir kvardagsleg bruk.[4] Ein kunne til dømes laga skrivarbrød to gonger i året.[3]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads