Slaget ved Austerlitz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Slaget ved Austerlitz, eller trekeisarslaget, var eit avgjerande slag i napoleonskrigane som blei utkjempa den 2. desember 1805 mellom dei franske styrkane til keisar Napoleon Bonaparte og ein alliert hær med russiske og austerrikske troppar . Slaget varte i nesten ni timar og førte til ein stor fransk siger over den tredje koalisjonen, som deretter blei oppløyst. Slaget fann stad mellom Brünn (tsjekkisk Brno), hovudstaden i Mähren, og den vesle byen Austerlitz; (tsjekkisk Slavkov u Brna). Desse byane tilhøyrde Austerrike på denne tida. I dag ligg dei i det søraustlege hjørnet av Tsjekkia, nær grensene til noverande Austerrike og Slovakia.
Etter den franske sigeren blei det underskrive ein avtale ved freden i Pressburg (slovakisk Bratislava). Med dette blei Austerrike tvinga til å trekka seg ut av krigen, og måtte overgje landområder til dei tyske allierte av franskmennene og habsburgarane (Austerrike) måtte betale 40 millionar franc i skadeserstatning. Dei russiske troppane fekk løyve til å marsjera heim utan vidare krigserstatning.
Slaget ved Austerlitz førte året etter (1806) til oppløysinga av det tusenårige tysk-romerske riket, då den tysk-romske keisaren Frans II heldt på keisar av Austerrike som den einaste offisielle tittelen sin. I staden blei Rhinforbundet oppretta, ei samling av tyske vasallstatar (under Frankrike) som skulle verka som eit skjold for Frankrike mot resten av Europa. Men desse avtalane gjorde ikkje at det blei ein langvarig fred på kontinentet. Prøyssisk uro for at Sentral-Europa skulle koma under for sterk fransk påverknad førte til at den fjerde koalisjonen blei danna, og vidare krigshandlingar var uunngåelege.
Remove ads
Bakgrunn
Keisardøma Austerrike og Russland blei stadig meir overvelda av den veksande makta og hærstyrkane til Napoleon. Saman med Sverige og Frankrike, svorne fiende Storbritannia, blei alliansen den tredje koalisjonen oppretta, og koordinerte angrep skulle sikra ein endeleg siger over det nyleg oppretta franske keisardømet. Hausten 1805 trekte austerrikske og russiske styrkar saman i aust. Napoleon såg seg truga frå alle kantar, og difor tenkte han offensivt og gjorde hæren klar til marsj mot dei allierte fiendane. Meininga var at Austerrike skulle bli avvæpna i eit stort angrep, og deretter skulle Storbritannia og Russland bli eliminert. I byrjinga av oktober marsjerte hæren til Napoleon - La grande armée - ut av Frankrike mot den austerrikske hovudstaden Wien.
Remove ads
Slaget

Franskmennene inntar slagmarka
På veg mot Wien vann den franske hæren 19. oktober eit slag mot ein austerriksk hær på 72 000 mann ved byen Ulm i Bayern. Hæren blei oppeldna av sigeren, og troppane heldt fram mot aust, og inntok Wien i november same år. Seinare i november nådde hæren Brünn (Brno), som ligg omtrent 100 kilometer nord for Wien. Napoleon fekk beskjed frå franske speidarar om at austerrikarane saman med ein stor russisk hær førebudde eit anfall mot han. Keisaren var godt nøydd med beskjeden, no kunne han knusa begge fiendane i eit avgjerande slag. Napoleon bestemte seg for å gjennomføra slaget like aust for Brünn. Den franske hæren slo leir på eit lite høgdedrag mellom to elvar. Pratzenhøgda låg aust for leiren til Napoleon, og området var strategisk viktig, ettersom ein hadde utsikt over området. Napoleon bestemte seg for å overlate høgda til austerrikarane og deira allierte, russarane. Sjølv valde han å styra det komande slaget frå ei lita høgd ca. 1 km lengre vest, som òg gav god oversikt over slagfeltet.
For å lura dei russiske og austerrikske styrkane nytta han utsendingar før slaget som tok kontakt med dei allierte for å drøfta moglege fredsforhandlingar. Tanken var at dette skulle få dei allierte til å tru at han var militært svakare enn han verkeleg var. Han plasserte òg færre soldatar i fremste linje på to dei flankane sine for å lura dei allierte til å angripa her. Dei allierte gjorde akkurat som venta, og inntok posisjonane sine den 1. desember 1805. Angrepsplanen til Napoleon var å la dei allierte angripa flankane hans, men så tilføra reservar slik at dei ikkje ville klare å bryta gjennom. Han rekna med at dei allierte då ville kasta inn stadleg fleire soldatar inn i kampane på flankane hans. I det rette auget ville han så sette inn eit stort angrep i midten av den allierte fronten, bryta gjennom og angripa dei allierte styrkane som kjempa på flankane hans bakfrå. Angrepsplanen fekk stor tiltru blant soldatane, som jubla då Napoleon rørte seg mellom rekkene. Han gjekk inn i teltet sitt og sa etter kjelden at det hadde vore den beste dagen i livet hans før han sovna.
Allierte planar
Dei allierte samla eit råd den 1. desember for å diskutera taktikk og angrepsplanar. Dei fleste av dei allierte strategiane bygde på to grunnleggjande idear: å skaffa kontakt med fienden og sikre at den sørlege franske flanken som leidde til Wien blei sikra. Sjølv om tsar Aleksander I og følgjet hans pressa hardt for å få i gang ein kamp, ville keisar Frans ta det meir roleg. Han fekk støtte av Kutuzov, den viktigaste russiske kommandanten. Adelege russarar og austerrikske kommandanter ynskte kamp, og dei som var imot måtte gje seg. Dei allierte bestemte seg for å følgja den austerrikske generalen Franz von Weyrother sin plan som gjekk inn for eit angrep mot høgreflanken til franskmennene, som dei allierte såg var svakt vakta. Samstundes skulle det gjennomførast eit avleiande angrep på venstreflanken. Dette var nettopp det Napoleon ville at dei skulle gjera. Dei allierte delte dei fleste troppane inn i fire kolonnar som skulle angripa høgreflanken til fienden (det vil seia den sørlege delen). Den keisarlege russiske armeen blei halden som reserve, medan russiske styrkar vakta dei allierte høgareliggjande styrkane.
Byrjinga av slaget
Sjølve slaget fann ikkje stad rundt byen Austerlitz, men nokre kilometer lenger mot vest, mellom Austerlitz og Brünn. Etter slaget blei våpenkvilen underteikna på eit slott i Austerlitz. Napoleon valde difor sjølv å omtala slaget som «Slaget ved Austerlitz», ei nemning som er blitt ståande.

Klokka fire om morgonen dagen etter byrjar trompetane å gjalla. Etter to timar kom dei allierte styrkane ned frå Pratzenhøgda og gjekk mot den franske høgreflanken ved byen Telnitz (tsjekkisk Telnice u Brna). Fem austerrikske bataljonar angreip den korsikanske legionen som vakta byen. Meininga var at angrepet i sør skulle knusa høgre sida til franskmennene. Dei franske troppane der blei trekte tilbake mot nord etter ein time. Den russiske generalløytnanten Doktorov meinte at sigeren var nær, og han bestemte seg for å venta på nye forsterkingar. Denne avgjerda var fatal. Kvelden før hadde kavaleriet til den austerrikske generalen Liechtenstein slått leir på feil stad, og då det reidd på veg til slagmarka støtta det på lange rekker av marsjerande russarar. Kavaleriet insisterte på å få forrang og snart gjekk alt i stå då kavaleristane reid inn og ut mellom fotsoldatane.
Det råda fullstendig: kolonnar kolliderte, soldatar forsvann eller enda i feil korps. Samstundes med dette fekk franskmennene forsterkingar. I siste augneblink kom marskalk Louis-Nicolas Davout til slagmarka etter at hæren hans hadde marsjert heilt frå Wien på berre 48 timar. Styrkane hans var utslitne etter den lange marsjen, men blei sende rett inn for å forsvara Telnitz. Med bajonettar på geværa tvinga franskmennene dei allierte tilbake. Klokka passerte åtte og suksessen var formidabel for Napoleon. Hans 10 000 franske soldatar hadde stått i mot 50 000 soldatar som prøvde å angripa i sør. Dei allierte hadde brukt mange troppar på å angripa franskmennene i den sørlege delen av slagmarka, og med dette hadde sentrumet deira på Pratzenhøgda blitt svekka. Napoleon kunne skimta dette i kikkerten sin og uttalte at «eit skarpt hogg, og krigen er over». Napoleon beordra hæren mot Pratzen.
30 000 franske soldatar med lette kanonar sneik seg mot sentrumet til fienden. Slagmarka var framleis dekka av tett tåke. Den franske hæren rykka fram då dei skimta dei allierte styrkane medan dei ropte kampropet «leve keisaren». Ein russisk offiser slo alarm og sa «min Gud – sjå der! Det er franskmenn». General Kutusov, leiaren av koalisjonshæren, sendte ordonnansar til troppene i sør og gav dei ordre om å koma mot hovudkvarteret. Troppane i sør kjempa framleis, og det var nesten umogleg å få skaffa forsterkningar derfrå. Russarane på Pratzenhøgda blei no jaga vekk av soldatane til Napoleon, som brukte bajonettar. Klokka 11 hadde Pratzenhøgda hamna i hendene til franskmennene, og hæren til dei allierte var delt i to.
Fransk overtaking av Pratzen

Franskmennane hadde sigra over dei allierte på Pratzenhøgda og alle motangrepa frå dei allierte blei nedkjempa. Infanteriet til Napoleon klarte å stå i mot kavaleriangrep ved å stilla soldatar i firkantformasjon. Ein austerriksk bataljon prøvde å lure franskmennene ved å gje seg ut for å vera frå Bayern, ein alliert av Frankrike, men den franske offiseren som mottok beskjeden lukta lunta og gav kanonane ordre om å skyta mot dei. Dei allierte hærane blei så svekka at dei måtte trekkja seg tilbake. Den russiske tsaren, som oppheldt seg nokre hundre meter borte, blei nesten drepen under angrepa. Tsaren blei dekka av jord etter at ei kanonkule nesten traff han, og etter dette klarte rådgjevarane hans å overtala han til å trekka seg vekk frå Pratzen.
Angrep frå russiske elitetroppar
I eit desperat forsøk på å snu eit sannsynleg russisk og austerriksk nederlag, blei dei russiske elitesoldatane sett inn. Russisk artilleri bombarderte dei franske rekkjene og tusenvis av små prosjektil, kalla kardeskar, svekka hæren til Napoleon kraftig. Den franske hæren var truga av oppløysing og flykta frå dei russiske fotsoldatane. Dei franske soldatane sprang mot Napoleon i frykt. Mennene til Napoleon freista å stoppa dei, utan hell. Mekanisk ropte dei «leve keisaren» og sprang avgarde. Reservane til Napoleon blei no kalla inn, og det blei innleidd ein hard og blodig kamp. Litt etter klokka to gav russarane seg. Napoleon var no sikker på siger, og gjorde seg klar til ei siste klarering.
Oppløysing i dei allierte styrkane
Troppane til marskalk Davout kjempa framleis mot russarane rundt Telnitz. Napoleon marsjerte med dei franske soldatane mot Telnitz (som låg i hans sørlege (høgre) flanke) for å vinna over dei siste russiske styrkane. Då dei allierte fekk auge på den store hæren med franskmenn som marsjerte mot dei blei dei gripne av panikk, og troppane gjekk i oppløysing. 4 000 allierte soldatar var på flukt og gjekk ut på isen på Satschansjøen omringa av franskmenn. Det fanst ei trebru som førte over sjøen, men denne blei blokkert av kanonane og hestane til dei flyktande soldatane. Marskalk Davout gav ordre til soldatane sine om å drepa dei innesperra austerrikarane og russarane. Dei fleste blei drepne av franske soldatar, men nokre flykta ut på den isdekte innsjøen. Liva deira blei ikkje spara, franske kanoner skot dei ned. Kanonane skaut òg store hol i isen. Det er blitt hevda at mange russarar og austerrikarar drukna i kaldt vatn, men undersøkingar av sjøbotnen i seinare tid har ikkje funne mange restar etter soldatar. Uansett innebar flukta til dei allierte soldatane at ein fransk siger verkeleg blei sikra.
Napoleon blir hylla
Skytinga var avslutta då Napoleon kom ridande innpå slagmarka. Franske soldatar ropte «Vive l'Empereur» då han kom forbi. Kirurgane på dei provisoriske feltsjukehusa måtte pleia mange. Napoleon fekk sett opp ein leir på Pratzenhøgda. I Austerlitz møtte han representantar frå den austerrikske og den russiske hæren som måtte levera ein vilkårslaus kapitulasjon. Slaget var den største triumfen til Napoleon, og taktikken hans hadde mykje av æra for det. Dei allierte styrkane mista 27 000 mann medan franskmennene berre mista 9 000. Freden som følgde blir kalla freden i Pressburg (Bratislava), og medførte at Austerrike måtte gje store landområde til Bayern. Preussen fekk også påskjønning for å ha halde seg ute av krigen; dei blei tildelte område i Nord-Tyskland. Den tredje koalisjonen blei ramma hardt av dette slaget. I England og Sverige høyrde ein om sigeren til Napoleon, og dette førte til at dei oppgav angrepsplanane sine. Napoleon blei frykta; han hadde vunne over ein overlegen hær og vunne i forhandlingane. Russland og Storbritannia gjennomførte militære reformer inspirert av Frankrike. Det er blitt hevda at sigeren ved Austerlitz førte til at Napoleon tapte kontakt med røyndommen, ved at han overvurderte si eiga militære leiing og kampkrafta til styrkane sine, og dermed enda med å gapa over for mykje. Dette førte til at han i løpet av det neste tiåret blei overvunnen i Russland og Leipzig. Slaget ved Waterloo i 1815 blei det endelege nederlaget til Napoleon, og enden på napoleonstida.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads