Sletringen fyrstasjon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sletringen fyrstasjonmap
Remove ads

Sletringen fyrstasjon er eit fyr som ligg utanfor TitranFrøya i Sør-Trøndelag.

Thumb
Plasseringa til Sletringen fyrstasjon
Kjappe fakta Fylke, Kommune ...

Det første tårnet her vart bygd i 1899, medan det noverande tårnet i støypejern vart bygd i 1923. Det står på ein høg sokkel av betong, liknande Geitungen fyrstasjon i Rogaland og Makkaur fyrstasjon i Finnmark. Tårnet har ei høgd på 45 meter og er det høgaste i landet. Fyrmeistarbustaden ligg inne i sjølve tårnet. Den franske lynblinklinsa frå 1923 er framleis i drift.

I 1968 vart det sett inn tyfon som tåkesignal og denne er framleis bevart, men ikkje i bruk. Rundt fyret ligg eit maskinhus, uthus og naust og ein sirkelforma betongmur

Fyret vart avbemanna og automatisert i 1993 og er i dag freda etter lov om kulturminne. Likevel har fyret forfalle og har sidan mars 2008 vore ut av drift.[1]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads