Slimål

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slimål
Remove ads

Slimål (Myxine glutinosa), også kalla pirål og sleipmark, er ein fisk som lever i saltvatn. Han er ein rundmunn i klassen slimålar, og ikkje i nær slekt med europeisk ål.

Kjappe fakta
Remove ads

Utsjånad

Slimålen er som vaksen 35 til 60 cm lang, rosafarga og utan skjel. Han har ikkje eigentlege finnar, mein ein hudfold langsetter bakkroppen. Langs buken har han slimkjertlar og rundt munnen har han fire tentaklar. Augene er tilbakedanna, og med nedsett funksjon. Slimålen er hermafroditt fram til kjønnsmodning. Befruktinga skjer truleg utvendig, og yngelen klekkast utan larvestadie.

Habitat

Han finst langs heile norskekysten, og elles i det nordlege Atlanterhavet, på eit djup frå 20-40 meter og ned til 600, i ekstreme tilfelle 2000 meter. Slimålen lever på blaut botn, der han ofte grev seg ned. Han vil ha temperatur under 10 grader og vatn med 32 promille salt.

Han lever hovudsakleg av åtsel, mellom anna av daud og halvdaud fisk, og er difor ein plage i botngarn og liner kor han går på fanga fisk. Han et også børstemark, havsniglar og anna.

Kjøttet er velsmakande, men ikkje bruka i Noreg.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads