Slimormar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slimormar
Remove ads

Slimormar (Nemertea) er ei rekke triploblastiske dyr med bilateralsymmetrisk kroppsplan. Alle artane er botnlevande marine predatorar som fangar byttet sitt med ein lang og karakteristisk proboscis («snabel»). Gruppa omfattar for det meste veldig små dyr, men det er òg her me finn den lengste levande organismen som finst: kjempeslimormen Lineus longissimus kan bli heile 60 m lang i utstrekt tilstand.

Kjappe fakta
Remove ads

Oppbygnad

Slimormar har lukka blodkarsystem og gjennomgåande tarm. Dei er usegmenterte, og har ein lang proboscis («snabel») dei kan trekka inn i svelget og skyta ut. Nokre artar har òg ein giftig pigg på snabelen sin.

Slimormar er hermafrodittiske, men formeirar seg kjønna.

Bakgrunnsstoff


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads