Slow Train

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Slow Train» er ein song skriven av Bob Dylan som først kom ut i 1979 på albumet hans Slow Train Coming. I USA vart songen gjeven ut som den andre singelen til «Gotta Serve Somebody.» Han vart òg gjeven ut som den første songen frå konsertalbumet til Dylan og Grateful Dead i 1989, Dylan & the Dead.[1][2] Musikkritikarern Paul Williams har kalla han «den einaste songen [på Slow Train Coming] som kan lyttast til om att og om att.» Rolling Stone-skribenten Jann Wenner kalla han «ikkje noko anna enn den mest modne og inngåande songen til Dylan om Amerika.»

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Låtskriving og innspeling

«Slow Train» oppstod tidlegare enn dei fleste andre songane på Slow Train Coming. Han byrja som ein instrumental som Dylan brukte å varme opp med på turneen sin seint i 1978.[3] Ei innspeling av songen med noko tekst finst frå ein lydsjekk den 2. desember 1978 i Nashville, men berre refrenget og eit par linjer frå versa kom med på den endelege innspelinga.[4] Ein studiodemo vart spelt inn i april 1979 og albumversjonen vart spelt inn 3. mai 1979 i Muscle Shoals Sound Studio i Sheffield i Alabama.[4] Dylan hadde tidlegare nytta eit heilag, langsamt tog som symbol i notata i plateomslaget til Highway 61 Revisited i 1965.[4]

Konsertframføringar

«Slow Train» vart spelt på turneane til Dylan i 1979 og 1980.[5] og igjen i 1987 på turneen hans med Grateful Dead.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads