Smøla kommune
kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Smøla er ein øykommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Over Ramsøyfjorden i aust ligg øya og kommunen Hitra, og over Edøyfjorden i sør ligg Aure og øya Tustna. Ein person frå Smøla blir kalla «smølaværing» eller «smølværing».
Kommunevåpenet frå 1989 viser to oppflygande sølvmåsar på raud bakgrunn.[1]
Remove ads
Geografi
Kommunen er den nordlegaste på Nordmøre. Han ligg tre mil nord for Kristiansund.[2] Heile kommunen omfattar over 5 800 øyar, holmar og skjer. Den største øya, Fast-Smøla, dekkjer 214 km² av den totale flatevidda av kommunen på 275 km².[3]
Næringsliv
Dei viktigaste næringane i kommunen er landbruk og fiske, men sørvisnæringane har hatt aukande omfang.[3] Smøla vart den fyrste store vindkraftkommunen med opninga av Smøla vindpark i i 2002. Smøla vindpark II vart opna i 2005.[2] Reiselivsnæringa har òg vorte viktig.[2]
Historie
Kulisteinen på Kuløya er ein godt ivareteken runestein som nemner kristninga av Noreg, og er den eldste kjende skriftlege bruken av namnet «Noreg».[2]
Gamle Edøy kyrkje på Edøya vart bygd på 1100-talet.[2]
Ny Jord starta eit omfattande bureisingsfelt på Frostadheia på 1930-talet[4]
Befolkning
1. januar 2024 budde det 2159 personar i Smøla kommune. Av dei budde om lag 1650, om lag 75 %, på hovudøya Smøla. I 1900 budde berre 54 % av folket i den noverande kommunen på hovudøya. Då var det busetjing på over 50 småøyar i skjergarden rundt øya. Dei fleste av desse øyane er no fråflytta.
- Folketalsutvikling for noverande Smøla kommune frå 1801
- Folketalsutvikling for øya Smøla (medrekna Jøa, Steinsøya, Tjønnøya, Hjellbergsøya, Rossvoll og Buøya)
Remove ads
Kjende smølaværingar
- Ingar Knudtsen, forfattar.
- Nikolai Gjøstøl, kunstnar.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads