Smila

From Wikipedia, the free encyclopedia

Smila
Remove ads

Smila (ukrainsk Смiла, russisk Смела, Smela) er ein by ved elva Tjasmyn i Tsjerkasy oblast sentralt i Ukraina. Byen er eit eige rajon (distrikt) i oblastet, samt det administrative senteret i Smila rajon. Han ligg 23 km frå Tsjerkasy. Smila har kring 70 000 innbyggjarar (2011).

Kjappe fakta Land, Oblast ...
Remove ads

Historie

I følgje ei segn hjelpte ei lokal jente hæren til Kiev-riket til baktroppen til Den gylne horden. Fienden vart slått, men jenta vart drepen av ei av pilene deira. Ingen kjende namnet hennar, så kolonien som seinare vart grunlagd på staden fekk namnet Smila, som på ukrainsk tyder modig jente, til minne om jenta.

Busetnaden vart først nemnd på 1500-talet som ein del av Det polsk-litauiske samveldet. I 164854 var Smila ein skvadronby i Tsjyhyryn regiment hos kosakkane. I 1773 fekk byen Magdeburgrettar og i 1795 vart han ein del av Det russiske imperiet.

Smila utvikla seg raskt då jernbanen kom hit i 1876, men på 1900-talet vart han hard råka fleire gonger: først under første verdskrigen, den ukrainske svolten i 193233 (Holodomor) og under andre verdskrigen. Økonomiske nedgangstider etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1990-åra gjorde at den industrielle produkskjonen i Smila fall med over 70 % og meir enn 10 % av innbyggjarane flytta.

Remove ads

Økonomi

Hovudnæringa i byen er maskinbygging og matindustri.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads