Snøball

From Wikipedia, the free encyclopedia

Snøball
Remove ads

Ein snøball er ein ball av snø, vanlegvis laga ved å presse saman kram snø med hendene til ein om lag knyttenevestor ball. Ein kan bruka snøballar til å laga snømann, snølykt og liknande, og til å halda snøballkrig.

Thumb
Studentar i Oxford ruller ein kjempesnøball.
Foto: Kamyar Adl
Thumb
Snøballdeponi.

Ein snøball kan også vere ein større ball av snø som har vorte laga ved å rulle ein liten snøball bortover ei snødekt strekkje. Den vesle snøballen veks ved at han klabbar på seg meir snø etterkvart som han vert rulla bortover. Omgrepet «snøballeffekt» kjem frå dette.

Kor hard snøballen vert avheng av tilstanden til snøen han er laga av og kor hardt snøen er pakka saman.

Remove ads

Snøballen i historia

Thumb
Vinter av Ambrogio Lorenzetti.

Snøballkrig er kjend som tidtrøyte frå mellomalderen. Ambrogio Lorenzetti (ca. 12901348) lét si måla personifisering av vinteren halde ein snøball.

5. mars i 1770 leidde snøballpepringa mot okkuperande britiske soldatar og følgjande hendingar til Bostonmassakeren, som igjen vart ein av gneistane som sette i gang den amerikanske revolusjonen.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads