Snøgrense

From Wikipedia, the free encyclopedia

Snøgrense
Remove ads

Ei klimatisk snøgrense er ei høgdegrense for område som vert snø- og isfrie i løpet sommaren. Den faktiske snøgrensa kan gjennom året vere langt lågare.

Thumb
Cotopaxi i Ecuador (5897 moh), sett frå 3700 moh med ei snøgrense på om lag 5000 moh
Thumb
Snøgrense i Alpane.

Vekselverknaden mellom høgde og breiddegrad påverkar korleis snøgrensa endrar seg frå område til området. Ved eller nær ekvator er han typisk på kring 4500 meter over havet. Når ein flyttar seg mot dei tørrare områda nær vendekrinsane vert snøgrensa høgare. I Himalaya kan den permanente snøgrensa vere så høg som 5700 meter over havet. Utanfor tropane vert snøgrensa gradvis lågare med høgare breiddegrad, til like under 3000 meter over havet i Alpane og heilt ned til det permanente isdekket nær polane.

I tillegg vil nærleiken til kysten påverke snøgrensa. Område nær kysten har som regel lågare snøgrense enn andre område på same breiddegrad i innlandet, fordi dei får meir nedbør om vinteren, og fordi temperaturen om sommaren gjerne er høgare i innlandet. I Noreg er derfor snøgrensa lågare på Vestlandet (på Ålfotbreen kring 1200 moh) enn på Austlandet (i Aust-Jotunheimen kring 2100 moh). Han fell òg nordover (på Seiland kring 900 moh). På austkysten av Svalbard går han ned til 200–300 moh.

Forskjellige snøgrenser:

Svalbard78°N0300–0600 m
Skandinavia ved polarsirkelen67°N1000–1500 m
Island65°N0700–1100 m
Det sørlege Skandinavia62°N1200–2200 m
Alpane (nordsida)48°N2500–2800 m
Dei sentrale Alpane47°N2900–3200 m
Alpane (sørsida)46°N2700–2800 m
Pyreneane43°N2600–2900 m
Kaukasus43°N2700–3800 m
Karakoram36°N5400–5800 m
Transhimalaya32°N6300–6500 m
Himalaya30°N4800–6000 m
Kenya4600–4700 m
Ny-Guinea2°S4600–4700 m
Andesfjella i Ecuador2°S4800–5000 m
Kilimanjaro3°S5500–5600 m
Andesfjella i Chile27°S5800–6500 m
New Zealand43°S1600–2700 m
Tierra del Fuego54°S0800–1300 m
Antarktis70°S0000–0400 m
Remove ads

Kjelder

Sjå òg

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads