Heimskringla

Samling av norske kongesoger, skreve av Snorre Sturlason From Wikipedia, the free encyclopedia

Heimskringla
Remove ads

Heimskringla, og kalla Norske kongesoger, er ei samling av kongesoger nedskriven kring 1220-talet av islendingen Snorre Sturlason (11791242).

Thumb
Tre av dei fyrste utgåvene av Heimskringla på norsk, utgjevne på J.M. Stenersen & Co.s Forlag: Øvst til venstre: Nasjonalutgåva på landsmål frå 1900, nedst til venstre nasjonalutgåva på bokmål frå 1900 og til høgre: Praktutgåva frå 1899.
Foto: K.A. Gallis

Sogene byrjar med Ynglingesoga, soga om Ynglingeætta i Sverige (Svitjod). Etter kvart vert hovudsakleg norske kongar frå 900-talet til 1100-talet omtala. Sogene sluttar med at Øystein Øysteinsson Møyla døyr i 1177.

Namnet Heimskringla kjem av opningsorda i verket, «Kringla heimsins», den runde jordskiva. Heimskringla eller dei norske kongesogene har hatt mykje å seia for å skapa ei norsk nasjonalkjensle.

Heimskringla inneheld dei fylgjande sogene:

Remove ads

Utgåver

Den første trykte utgåva av Heimskringla kom i Sverige i Johan Peringskiölds omsetjing til svensk og latin i 1697.

I Noreg vart boka første gong utgjeven av Carl Richard Unger i 1868 (Brøgger & Christie, Christiania). Ho vart utgjeven på nynorsk i 1874-77 i omsetjinga til Steinar Schiøtt.

Thumb
Ei gjennomillustrert «folkeutgåve» av Snorre Sturlassons kongesagaerdansk (norskdansk) vart gjeven ut av J. M. Stenersens forlag & Co i 1899.
Klikk på bildet for å bla i eller lasta ned boka som e-bok i dvju-format.

Ei rad framståande norske kunstnarar vart i 189699 inviterte av forleggaren J.M. Stenersen til å laga ei illustrert prakt- og folkeutgåve av Heimskringla. Desse kunstnarane var Christian Krohg, Erik Werenskiold, Halfdan Egedius, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen og Wilhelm Wetlesen.

Remove ads

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads