Sokndal kommune
kommune i Rogaland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sokndal er ein kommune heilt sør i Rogaland fylke, i Dalane. Kommunen grensar mot Vest-Agder fylke. Kommunen grensar i vest mot Eigersund, i nord mot Lund, og i søraust mot Flekkefjord. Den einaste offisielle tettstaden i kommunen er Hauge i Dalane med 2 400 innbyggjarar per 1. januar 2024. Sokndal kommune er elles kjend for strandstaden Sogndalsstrand og Jøssingfjord. Jøssingfjord er opphav til omgrepet jøssing, som dukka opp i Noreg under andre verdskrigen.
Sokndal kommune er Noreg sin fyrste medlemskommune av rørsla Cittaslow. Rørsla legg vekt på at ein skal ta vare på lokale særdrag. Eit hovudmål er å betra livskvalitet og skapa identitet til kommunen og staden.
Hjørnesteinsføretaket er Titania A/S som hentar ut titanmalm frå eit dagbrot. Titania er ein av dei største produsentane i verda av ilmenitt (jerntitanoksid).
Remove ads
Folketalsutvikling for noverande Sokndal kommune frå 1900:
- a Talet omfattar eit område som var del av Sokndal kommune fram til 1947, då det vart overført til Eigersund kommune. Dette området hadde då 7 innbyggjarar.
- a Talet omfattar ikkje garden Tjørn, som var del av Eigersund kommune fram til 1967, då han vart overført til Sokndal kommune, med eit innbyggjartal på 10 personar.
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads