Solimões
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Solimões ( portugisisk uttale: [soliˈmõjs] ) er namnet som portugisisktalande i Brasil ofte nyttar om elvestrekket av Amazonaselva mellom riksgrensa mot Peru og samløpet med Río Negro. Solimões er hovudløpet av Amazonaselva i omtrent 1600 km der ho flyt gjennom ei flaumslette som er omtrent 80 km brei.
Amazonas / Solimões-elva rett ovanfor samløpet av Solimões og Rio Negro er allereie den klart største elva i verda, sjølv om dei to største sideelvane, Río Negro og Madeira, enno ikkje har bidrege til straumdragsvolumet.
Solimões-delen av Amazonas-elva ligg utelukkande i delstaten Amazonas i Brasil og ein del av staten blir ofte referert til som «Solimões-regionen». Økoregionen i dreneringsbassenget til Solimões-elva er heilt og fullt tropisk regnskog.
Bruken av namnet Solimões for øvre Amazonas er for det meste avgrensa til brasiliansktalende portugisisk; resten av verda refererer til både dei øvre og nedre delane av elva som Amazonaselva.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

