Solstorm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Solstorm er eit samleomgrep på ulike reaksjonar i koronaen til sola. Solstormar fører til at store skyer med energirike, elektrisk ladde partiklar vert sende ut i det interplanetare rommet. Ofte er dei følgde av forsterkning av magnetfeltet, røntgenstråling og av auka UV-stråling. Dei kraftigaste partikkelutsendingane skjer i samband med koronautbrot, CME (av engelsk Coronal Mass Ejections) og flares.

Aktiviteten på sola, og dermed utbrot av solstormer, varierer med ein 11-årsperiode. Ein registrerer periodisiteten lettast i førekomst av solflekkar fordi mengda solflekkar kan gje eit mål på solaktiviteten.
Når partikkelskyer og stråling i ein solstorm treff jorda, vil det gje opphav til straumar og forstyrringar av magnetosfæren, polarlys, magnetiske stormar og forstyrringar i ionosfæren. Solstormar vil òg kunne påverke tekniske installasjonar i rommet og på bakken. Romvêrvarsling er eit forsøk på å føresjå verknadane av solstormane i den ytre jordatmosfæren.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
- «solstorm», Store norske leksikon, 27. februar 2013
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads