Solveig Muren Sanden

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Solveig Muren Sanden (fødd 17. april 1918 i StraumsnesNordmøre, død 22. november 2013) var ein norsk teiknar og illustratør.

Kjappe fakta

Solveig Muren var dotter til læraren Olav Muren, opphavleg frå Sande på Sunnmøre, som alt frå hennar tidlege barneår busette seg i Vrådal i Kviteseid og skulte der i lang tid. Sjølv gjekk ho Kunst- og handverkskulen i Oslo. På Statens Kunstakademi spesialiserte ho seg på måling.

Ho tok over som teiknar av juleheftet Tuss og Troll i 1957, og Smørbukk i 1959, etter Jens R. Nilssen. Ho leverte nye teikningar til Tuss og Troll til ho var over 90 år gammal.

Remove ads

Utmerkingar

  • Kultur- og kirkedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur, 1973 for arbeidet med Smørbukk og Tuss og Troll.
  • Heidersmedlem i Smørbukks vener.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads