Sordin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein sordin er ein dempar brukt med visse musikkinstrument for å skape ei dempa klang.
- For messinginstrumenta er sordinen eit kjegle- eller pæreforma stykke av tre, metall, papp eller anna materiale som blir plassert i sjallstykket.
- For strykeinstrumenta er sordinen eit mindre kamforma stykke tre eller gummi som blir plassert på stolen til strykeinstrumentet. Spesielle øvingssordinar eller nattsordinar er av metall og laga for å dempe lyden så mykje som mogeleg.
- Pianoet kan sordinerast ved å trykke ned den venstre pedalen. Dette forskyv anslagsmekanismen, slik at hammarene berre treff ein del av strengekoret slik at klangen blir svakare.
- Slagverk kan sordinerast ved å legge eit pledd over skinnet.


Remove ads
Sordin utanfor musikken
- Ein Hamsun-roman frå 1909 har tittelen En vandrer spiller med sordin.
- I diktet «Hundrede fioliner» av Arnulf Øverland står det skrive: «Og engang kommer den hellige natt / da evighetens sordiner / forvandler den bitreste kval du har hatt / til hundrede fioliner».
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads