Sort messe

studioalbum av Folque From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sort messe er eit musikkalbum med Folque, gjeve ut i 1983. Sort messe vart det siste studioalbumet til Folque.

For seremoniar for djevledyrking, sjå svart messe.
Meir informasjon Folque-kronologi ...

Albumet skil seg frå dei andre platene deira dels ved at nesten alle låtane er nyskrivne, og ikkje minst ved at gruppa ikkje lenger hadde felespelar. I staden vart det gitaren til Lars Helljesen og mandolinen til Morten Bing som stod for instrumentalsoloane. Sjølv om plata var annleis enn andre Folque-plater, var gruppa særs nøgd med ho. Her er framleis låtar med eit klårt folkrock-preg, men òg innslag av både bluegrass og cajun.

Dei tre første låtane på plata «Heksetrilogien» heng tematisk saman. Tittelsporet var for øvrig ikkje uttrykk for satanistiske tendensar, men eit resultat av Morten Bing si begeistring for Fantasy-litteratur.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

  • Jenn Mortensen: Song
  • Lars Helljesen: Song, gitarar, fløyte
  • Morten Bing: Mandolin, banjo, dulcimer, gitar
  • Roald Thommesen: Bass, keyboard
  • Pål Søvik: Trommer, Taurus

Studiomusikarar

  • Geir Otnes: Trekkspel
  • Trond Øverland: Piano
  • «Dutte»: Pedal Steel
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads