Soteroen

eller Fille-Værn (6/8-takt), er spela i Setesdal, Telemark og Numedal From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Gangaren Soteroen eller Fille-Værn (6/8-takt), er spela i Setesdal, Telemark og Numedal. Slåtten er stundom kalla Kjosekrullen, og dette tyder på at Jon Kjos kan ha vore kjelde til han. Namnet Soteroen skriv seg frå spelemannen Olav Soterud frå Seljord. Han hadde vore mykje i lag med Øystein Langedrag (som kan ha fått slåtten etter Jon Kjos). Slåtten heiter oftast Soteroen i Setesdal, men Fille-Værn i Telemark. I Setesdal er mest alle formene av slåtten skrivne ned i Bygland. Han er spela på Nedstilt bass. Soteroen er rekna som ein god danseslått, og er svært populær.

Slåtten er spela på Nedstilt bass.

Remove ads

Variantgruppa

Hardingfeleverket har slåtten under gruppenummer 113 (tilleggsform 156).

  • a:Fille-Værn, etter Steingrim Haukjem, Veggli [daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1954 (Ø 165). Haukjem hadde slåtten etter Steinar Gladheim frå Veggli. Slåttenamnet kjem seg frå ein gut som heitte Værn, som ikkje ville ta seg noko til, men berre gjekk i filler. Han kom frå Vågdal.
  • c: Soteroen, etter Eivind Aakhus, Bygland [daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1954 (Ø 393). Aakhus skreiv sjølv ned slåtten og gav han ut i 1925. Ørpen skreiv tona ut for hardingfele seinare.

Supplementsnedskrift:

  • Det finst og ein slått som er katalogisert under 2/4-gangarane med taktskifte til 6/8 nr 174). Dette er ein halling etter Jørn Hilme, som mellom anna var nytta av Olav Moe. Slåtten er skriven ned etter Ola Bøe, Vestre Slidre, av Eivind Groven (G 1590).
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads