Sør-Dakota

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sør-Dakota
Remove ads

Sør-Dakota er ein delstat i USA. Hovudstaden er Pierre, men den største byen er Sioux Falls.

Thumb
Mount Rushmore.
Kjappe fakta Land, Hovudstad ...

I Sør-Dakota ligg Mount Rushmore, fjellet der likskapen til fleire amerikanske statsmenn er hogne ut.

Remove ads

Historie

Sør-Dakota blei godkjend som eigen stat i ein lov vedteken den 22. februar 1889, saman med Nord-Dakota, Montana og Washington. Dei to Dakotaene blei formelt innlemma i USA av president Benjamin Harrison den 22. november same året. På grunn av mykje kiving mellom nord og sør, sørgde presidenten for å stokka om papira deira slik at ein ikkje skulle finna ut kva stat som var blitt innlemma først.

Innbyggjarar

Thumb
Portrett av Eddie Plenty Holes, ein lakota-sioux, rundt 1899.
Foto: Herman Heyn

Dei første franske og andre europeiske oppdagarane i området møtte fleire innfødde folkegrupper, til dømes omahaene og arikaraene, men ved byrjinga av 1800-talet var siouxfolk (dakota, lakota og nakota) dei dominerande gruppene.

I dag er staten dominert av kvite, 88 % definerte seg som dette i folketeljinga i 2003. Samstundes har staten den største konsentrasjonen av folk som definerer seg som urfolk i fastlands-USA, 8,3 %. Heile 40,7 % av innbyggjarane stammer frå tyskarar og 15,3 % frå nordmenn. Dette er dei to største «avstammingsgruppene» i Sør-Dakota, med irar, indianarar og engelskmenn som følgjer.

Remove ads

Kjende personar frå Sør-Dakota


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads