Spellemannprisen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Spellemannprisen er ei prisutdeling til norske musikkartistar som har utmerkt seg positivt det føregåande året. Utdelinga vart etablert på initiativ frå det norske IFPI (internasjonal organisasjon for platebransjen). Prisen vart delt ut fyrste gong i 1973 for plateåret 1972, og har vore delt ut kvart år sidan. Utdelinga blir skipa av Spellemannskomiteen som er vald ut av IFPI Noreg og FONO.


Prisane blir delt ut for 17 ulike klassar etter sjangrar, tre prisar til årets opphavsmenn («årets samtidskomponist», «populærkomponist» og «tekstforfattar») og fire prisar til tillegsklassar («Årets spellemann», «nykomar», «hit» og «musikkvideo»). Dessutan tek komiteen stilling til om det skal delast ut heiderspris og bransjepris. For kvar av klassane vert det nemnt ut ein fagjury der samansetninga blir heldt skjult for dei og for folk utanfor. Fagjuryane vedtek kven av dei påmeldte artistane og platene som skal bli nominert i dei ulike klassane med å tildele dei poeng. Til vanleg blir det nominert tre stykke i kvar klasse. Fagjuryen røystar så fram ein vinnar som får ein bronsestatuett og diplom.
Ein eigen fagjury nominerer opp til ti videoar til årets musikkvideo mens Spellemannkomiteen sjølv nominerer artistar til kategoriane «årets hit» og «årets nykomar». Vinnar av «årets hit» og «årets musikkvideo» blir kåra av publikum, som får røyste, mens komiteen sjølv kårar vinnaren av «årets nykomar». Spellemannkomiteen kårar også «Årets spellemann», der det ikkje blir kunngjort nokon nominasjon på førehand.
Remove ads
Klassar og prisar
Noverande sjangerklassar
Under utdelinga av 1972-prisen, vart det delt ut pris i sju sjangerklassar og tre heiders- / bransjeprisar. Sidan då har det vore ein del endringar i kva prisar som blir delt ut, namn på dei og kva innhald som er i dei ulike klassane. Dei to einaste klassane som har vore heilt uforandra gjennom historia, er «barneplate» og «open klasse». Desse to prisane har begge vore ute av prisutdelinga to gongar kvar. Alle klassane frå den fyrste utdelinga blir framleis delt ut i ein eller annan form.
Klassar som har vore med sidan fyrste utdeling (1972)
Klassar som har vorte oppretta etter fyrste utdeling
Noverande tilleggsklassar og prisar til opphavsmenn
I 1983 vart Årets spellemann innført som den fyrste tilleggsklassen. Etter det er det vorte innført tre tilleggsklassar. Frå Spellemannprisen 2007 vart prisen årets nykomar utvida til å innehalde eit arbeidsstipend på 200 000 kroner. Stipendet blir delt ut av vederlagsbyrået Gramo for å gje vinnaren «eit utgangspunkt for å arbeide vidare med musikken sin, slik at dei kan glede oss meir i framtida». I samarbeid med TONO vart det under Spellemannprisen 2008 innført tre klassar for opphavsmenn. I tillegg til tilleggs- og opphavsmennklassane kjem bransjeprisen og spesialprisen/heidersprisen som ikkje blir delt ut fast. Begge prisane vart delt ut ved fyrste utdeling og det er til no delt ut tretten bransjeprisar og 36 spesialprisar/heidersprisar.
Utgådde klassar
Nokre klassar har kome og gådd. Kortast levetid hadde klassen «korplate» som berre vart delt ut ein gong.
Remove ads
Mestvinnande artistar


I dag står femten artistar som vinnar av fem eller fleire Spellemannprisar. To av dei som har vunne flest prisar, Leif Ove Andsnes og Oslo Filharmoniske Orkester med åtte prisar kvar, har aldri motteke meir enn ein pris same år. Nokre artistar har vunne fleire prisar både som soloartist og med band, til dømes Morten Harket som totalt har vore med å vinne heile tolv prisar, og Gustav Lorentzen som har vunne prisen for seks ulike plater, to av dei med Knutsen & Ludvigsen.
8 prisar
- Leif Ove Andsnes: 1991, 1992, 1993, 1998, 2000, 2002, 2003, 2005
- Oslo Filharmoniske Orkester: 1972, 1981, 1984, 1987, 1990, 1992, 1998, 1999 (den fyrste som Filharmoniske Selskaps Orkester)
- a-ha: 1985 (2 stk), 1986 (3 stk), 2000 (2 stk), 2008
7 prisar
- Ole Ivars: 1996, 1999 (2 stk), 2000, 2003, 2004, 2005
- Odd Børretzen: 1974, 1996 (2 stk), 1997, 2001, 2002, 2008
6 prisar
- Det Norske Kammerorkester: 1988 (2 stk), 1992, 1996, 1999, 2000
5 prisar
- Geirr Lystrup: 1981, 1988, 1992, 2003, 2005
- Madrugada: 1999, 2002, 2005 (3 stk)
- Lene Marlin: 1998, 1999 (4 stk)
- Truls Mørk: 1991, 1992, 1993, 1995, 1999
- Röyksopp: 2001 (2 stk), 2002 (2 stk), 2005
- Vamp: 1993, 1996, 1998, 2005, 2006
- DumDum Boys 1988, 1989, 1990, 1992, 2007
- Madcon: 2004, 2007 (2 stk), 2008 (2 stk)
- Espen Lind: 1997 (3 stk), 2006, 2008
Etterkvart som det er vorte innført fleire tilleggsklassar, har det blitt mogleg å vinne meir enn ein pris same år. The Monroes var dei fyrste til å vinne to prisar same år under utdelinga i 1983. I nyare tid er det ikkje uvanleg at same artist vinn både tre og fire prisar.
Artistar som har vunne fire prisar same år
- Morten Harket (1995)
- Lene Marlin (1999)
- Briskeby (2000)
Artistar som har vunne tre prisar same år
- a-ha (1986)
- Anne Grete Preus (1994)
- Espen Lind (1997)
- Morten Abel (2001)
- Madrugada (2005)
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Denne artikkelen bygger på «Spellemannprisen» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juni 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads