Sisikar
slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sisikar (Spinus) er ei biologisk slekt med 20 artar i finkefamilien (Fringillidae). Nesten alle har leveområdet sitt i Amerika. Namnet «sisik» kjem opphavleg frå vestslavisk og vart lånt inn i mellomnedertysk (sīsek) og derfrå til norsk.[1] Spinus er frå gresk spinos og brukt av mellom anna Aristophanes om ein ukjent fugl.[2]
Ein art utanfor slekta Spinus har òg namneleddet «-sisik» på norsk, dette er gråsisik (Acanthis).
Remove ads
Skildring
Sisikar er små til mellomstore finkar med som regel korte, kraftige og kjegleforma nebb. Kroppslengda varierer frå 9 til 14 centimeter, og kroppsvekta ligg mellom 10 og 20 gram. Den minste arten er småstillits S. psaltria,[3] den største kan vere tjukknebbsisik S. crassirostris. Fjørdrakta er ofte påfallande fargerik, men syner stor variasjon innan slekta. Mange artar syner eit iaugefallande gult vengband i flukt. Typisk er hannfuglar dominert av klår gult til olivengrønt, svart og grått. Unntaka er raudsisiken S. cucullatus med klår lysraud fjørdrakt og utan gult, samt svartsisik S. atratus som berre har gult i bakkropp og nokre fjører i venger og hale, men er elles svart. Andre unnatak er dei meir diskrete grønsisik S. spinus og stripesisik S. pinus med gulgrøne tonar på oversida og gråleg stripete underside.[4]
Alle artar har i varierande grad synleg kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, der hoene som regel er mindre iaugefallande enn hannar.
Songen hjå mange artar er ofte kvitrande, knitrande eller pipande.[5]
Leveområde og næring
Ein finn 18 sisikartar i Amerika, 15 av dei lever i den neotropiske regionen. Den einaste europeiske arten i Spinus er den vidt utbreidde grønsisiken som òg finst i Noreg. Den andre arten utanfor Amerika er tibetsisiken.
Mange artar i slekta lever i halvopen skog, men nokre utnyttar òg savannar, ope krattlandskap, plantar, hagar og parkar. Sisikar finst praktisk talt i alle høgder, paramosisik S. spinescens opp til 4100 meter over havnivå i Colombia.[4]
Hovudføda for dei fleste artane er frø og knoppar, men annan planteføde blir òg nytta som næringskjelder. Mange artar tar tidvis i tillegg insekt.[4]
Remove ads
Artsoversyn
Brasilsisik er ein sårbar art (VU), raudsisik er sterkt truga (EN, Verdas naturvernunion IUCN reknar dei andre artane i slekta å vere livskraftige (LC).
Medlemmer av Spinus i rekkjefølgje etter AviList v2025:[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
