Spiral
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Spiral i matematikk er ei plan kurve som går rundt eit fast punkt, polen, ei uavgrensa mengd vindingar.

Det finst mange typar spiralar og ei av dei enklaste er Arkimedes-spiralen, som ein får når eit punkt flyttar seg med jamn snøggleik langs ei rett linje, som samtidig roterer jamt omkring polen. I polarkoordinatar er likninga r = k · φ.
Ein annan type er den logaritmiske spiralen, som har den eigenskapen at tangenten alltid dannar same vinkelen med linja til polen. Ein annan spiral er òg hyperbolsk spiral.
Ordet spiral vert òg nytta meir populært om romkurver som har uendeleg mange vindingar, som til dømes ein heliks. E
Remove ads
Kjelder
- spiral. (2012-02-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/spiral/matematikk
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads