Spissnutefrosk

amfibieart From Wikipedia, the free encyclopedia

Spissnutefrosk
Remove ads

Spissnutefrosk (Rana arvalis) er eit amfibium som lever i delar av det sørlege Noreg. Han er om lag 7-8 cm. lang, altså litt mindre enn den vanlege frosken, buttsnutefrosk, og har ein tydeleg spissare snute. I fargen er han ganske lik den vanlege frosken, men den meir einsfarga lyse undersida gjer fargekontrasten til den mørke grå-brune oversida større. I paringstida får hannen ein karakteristisk blå-grå gytedrakt.

Kjappe fakta

Arten er å finna rundt Oslofjorden, frå svenskegrensa til skienområdet, med sporadisk spreiing i Agder. Vanlege habitat er gardsdammar, grøfter og bekkar og elver med svak straum. Han toler surare vatn enn den vanlege frosken, og er meir knytt til skog. Spissnutefrosken er eit av dei fire amfibia som er oppførte på norsk raudliste 2006, der han er kategorisert som nær trua

I april-mai, avhengig av klima, samlar froskane seg til gyting i dei faste vassamlingane sine. Hannen lokkar med ein rask serie klukkande «wo'uk». Hoa legg 400-2000 egg som er klare, faste, geleaktige klumpar. I motsetjing til den vanlege frosken sine egg, søkk spissnutefrosken sine egg til botn. Rumpetrolla går på land i juli-august, og blir kjønnsmodne etter om lag tre år. Dei overvintrar som regel på botn av ein dam, der dei pustar gjennom huda for å få oksygen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spissnutefrosk
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads