Støttafjorden
fjord i Meløy, Nordland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Støttafjorden er ein fjord i Meløy kommune i Nordland. Fjorden ligg på søraust- og austsida av øygruppa Støtt eller Støttvær og strekkjer seg 8,5 km nordaustover til grenda Kunna på fastlandet.
Fjorden har innløp mellom Helløya i nord og Storøya i Gåsværet i sør. Gåsværet ligg på sørsida av fjorden. Øya Innerstøtt utgjer store delar av vestsida av fjorden. Her ligg òg bygda Støtt som har ferjesamband til Ørnes på fastlandet.
I vest grenser Støttafjorden til Ternholmfjorden, medan Gåsværfjorden ligg på sørsida av Gåsværet.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads