Standard Oil Company
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Standard Oil Company var eit oljeselskap i USA. Føretaket vart grunnlagd i 1870 av John D. Rockefeller og vart bygd opp til eit av dei første multinasjonale føretaka.

Mot slutten av 1800-talet kontrollerte Standard Oil heile 90 prosent av raffineringa og marknadsføringa av petroleum i tillegg til ein trededel av alle oljefelt i verda. Mange meinte at selskapet hadde ei for dominerande stilling, tilnærma eit monopol. Etter ei lang saksgang i rettsvesenet, gjorde høgsterett i USA i 1911 eit vedtak om at Standard Oil skulle delast opp i 34 ulike føretak.
Remove ads
Sjå òg
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads