Statsoverhovud
From Wikipedia, the free encyclopedia
Statsoverhovud, statsleiar eller statssjef er den øvste leiaren i ein sjølvstendig stat. Overhovudet kan, men treng ikkje, ha den reelle makta i landet. I presidentielle system styrer statsoverhovudet den utøvande makta og opptrer som regjeringsleiar, i semipresidentielle system deler statsoverhovudet denne makta med ein statsminister utgått frå parlamentet, og i parlamentariske system vantar statsoverhovudet reell makt. Statsoverhovud kan få stillinga si gjennom val, arv, eller gjennom å sjølv ta makta i kupp eller revolusjonar, og såleis byggja på ulik legitimitet.
I monarki har statsoverhovudet ein tittel som dronning, konge eller keisar. I republikkar er overhovudet vanlegvis ein president. Somme tider kan ein stat ha eit religiøst overhovud, som paven i Vatikanstaten. Statsoverhovud som har tvinga til seg makta i ein ikkje-demokratisk, autoritær stat blir i moderne tid gjerne kalla diktatorar.
- Presidentane Luiz Inácio Lula da Silva og Pratibha Patil. Presidenten av Brasil er både stats- og regjeringsoverhovud, medan presidenten av India stort sett har seremonielle oppgåver.
- Kong Georg VI av Storbritannia (midten) var statsoverhovuud for ei rekke statar i det britiske samveldet, ei stilling som stadig er blitt meir seremoniell.
- Pave Johannes Paul II var eit religiøst statsoverhovud. (Foto: Agência Brasil)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.