Stavanger/Sandnes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stavanger/Sandnes
Remove ads

Stavanger/Sandnes er den tredje største tettstaden i Noreg og femner samanhengande tettbygde område i kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg. Tettstaden har 239 055 innbyggjarar per 1. januar 2024.[2] Desse kommunane utgjer «Nord-Jæren» i regionen Jæren, og har til saman 215 116 innbyggjarar per 1. juli 2008,[3] fordelt over 467,5 kvadratkilometer. Tettstaden har den største prosentvise folkeveksten i landet, og Sandnes er den snøggast vaksande byen i Noreg.

Kjappe fakta Land, Areal ...

Tettstaden har kome til ved at busetjinga langs hovudvegane sørover frå Stavanger har vokse og ført til at dei to byane Stavanger og Sandnes har vokse saman, og ifølgje SSB sin definisjon for tettstadar er dei to byane no å oppfatte som ein tettstad. Dei tilliggjande tettbygde områda i kommunane Sola og Randaberg vert òg inkluderte i dette.

Rogaland hadde i 2007 ein folketilvekst på 2,01%, noko som tilsvarar i overkant av 8 000 innbyggjarar. Til samanlikning auka folketalet i Hordaland med kring 6 000 innbyggjarar. Dimed er Rogaland, etter Oslo, det fylket i landet der folketalet veks snøggast. Dei nordjærske kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg, hadde då ei vekst på 2,26 %, og dette gjer regionen til den snøggast vaksande i landet.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads