Stavangersk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Stavangersk eller stavangerdialekt er talemålet som vert bruka i Stavanger, og skil seg noko frå jærmålet i sør.

Grammatikk

Substantiv

Hankjønn

Hovudregel:

Ein gutt - gutten - fleire guttår - alle guttene

Her lyt ein merka seg at skiljet mellom fleirtalsbøyinga på han- og hokjønnsord kan vera noko uklårt, sidan det etter kvart har vorte nokså vanleg å seia guttår. Å seia guttene er derimot noko uvanleg.

Hokjønn

Hovudregel:

Ei jenta - jentå - fleire jentår - alle jentene

Ei dør - dørå - fleire dører - alle dørene

Inkjekjønn

Hovudregel:

Ett hus - huse - fleire hus - alle huså

Ett eple - eple - fleire eplår - alle eplene(/eplå)

Verb

Alle verb har a-ending i infinitiv.

Svake verb

A-verb:

Å kasta - kaste - kasta - har kasta

Å snofla - snofle - snofla - har snofla (Å snofla = å snubla)

E-verb:

Å spela - spele - spelte - har spelt

Å prøva - prøve - prøvde/-te - har prøvd-/t

Det som i skriftspråk er kjend som J-verba er utsette for litt meir forvirring, mellom anna av di det ikkje finst j-ar i desse verba på stavangersk. Til dømes heiter det å spørra, tella og velga, og ikkje spørja, telja, velja.

Nå-verb:

Å nå - når - nådde - har nådd

Å spy - spyr - spydde - har spydd

Sterke verb

Å slida - slide - sleid - har slede

Å kryba - krybe - krøyb - har krøbe

Å brekka – brekke – brakk – har brokke

Adjektiv

Ubestemt form eintall:

Hankjønn: Ein fine hage
Hokjønn: Ei fine jenta
Inkjekjønn: Et fint hus

Bestemt form eintall - noko meir komplisert enn bokmål/nynorsk:

Hankjønn: Den fine hagen
Hokjønn: Den fina jentå
Inkjekjønn: Det fina huset

Fleirtall - alle kjønn har e-ending:
Ubestemt form: Fine hus
Bestemt form: De fine husene

Uttalen av "fine" i ubestemt form hankjønn og hokjønn eintal har eit anna tonelag enn bestemt form eintal og fleirtal. Dette skuldast at e-endinga opphavleg er ein svarabhaktivokal.

Pronomen

Personlege pronomen

Subjektsformer:

Eintal: Eg, du, han, hu, det

Fleirtal: Me, dåkk(år), di

Objektsformer:

Eintal: Meg, deg, seg, han, henna/na, det

Fleirtal: Oss, dåkk(år), seg, di

Eigedomspronomen

Meir informasjon hankjønn eintal, hokjønn eintal ...

Spørjeord

Nynorsk - stavangersk

Kva - ka

Kvar/kor - kor

Kven - kem/kenn

Korfor/kvifor - koffår/kaffår

Korleis - koss/kossen

Remove ads

Andre sermerke

  • Blaute konsonantar (p, t, k -> b, d, g i inn- og utljod)
  • Skarre-r
  • Æ-ljoden vert vanlegvis bytt med ein lang e-ljod (sær -> ser, hæl -> hel, bær -> ber)
  • Spørsmålsformuleringar til ja/nei-spørsmål byrjar som regel med ordet om (Om du vett ka klåkkå e? Om eg kan få is?).

Sosiolekt

Ein sosiolekt av stavangersk er kalla for finstavangersk eller Egenesisk. I denne sosiolekten vert språket lagt om i retning av dansk språk. Døme er Egenes i staden for Eiganes, ikke i staden for ikkje, je i staden for eg, frem i staden for fram, sne i staden for snø, gottene i staden for guttane, hytten i staden for hyttå. Denne varianten er særleg erobra i Eiganes-området. Den vert og brukt i andre område for å skilla seg ut frå den proletariserte del av befolkninga i Stavanger og omegn.

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads