Stavrim

rimtype From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Stavrim er ei form for framrim nytta i norrøn dikting.

Stavrimet krev at det er lydlikheit framfor ein trykksterk vokal i to eller tre ord i eit linjepar. Det kan vera same konsonant, eller det kan vera ein nullkonsonant, dvs. ingen lyd framfor dei trykksterke vokalane.

Eddadikt består av ei rekke med langlinjer, som kvar består av to kortlinjer. Kvar kortlinje har to trykksterke vokalar (toppar). Dei to kortlinjene er bundne saman med stavrim på den måten at begge eller éin av dei to første toppane skal ha stavrim. Den tredje skal alltid ha stavrim, og blir kalla hovudstav. Den fjerde har normalt ikkje stavrim.

Meir informasjon Døme ...
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads