Stefan Zweig
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stefan Zweig (28. november 1881–23. februar 1942) er ein av dei viktigaste tyskspråklege forfattarane i mellomkrigstida.
Remove ads
Liv og virke
Stefan Zweig vart fødd i Wien i 1881 som andre son av ein bøhmisk tekstilfabrikant, Moritz Zweig og ei italiensk bankierdotter. Han voks opp i ein velståande austerriksk-jødisk familie. På gymnasiet utvikla han interesse for litteratur. Han studerte filosofi og litteraturvitskap ved universitetet i Wien.
Zweig er kjend som forteljar, essayist, lyrikar, biograf og dramatikar, og verka hans er omsette til mange språk. Den tidlege lyrikken hans var påverka av franske symbolistar, austerrikske impresjonistar og tyske nyromantikarar. Med bakgrunn i filosofistudiane sine skreiv han fengslande psykologiske noveller omkring kaotiske kjensler og sjelelege kriser (Amok, 1922; Verwirrung der Gefühle, 1927; Schachnovelle, 1942 som vart filmatisert 1960). Han skreiv om fleire historiske personar som Joseph Fouché (1929), Marie Antoinette (1932), Maria Stuart (1935) og Magellan (1938), og i samleverket Baumeister der Welt (1935) skriv han biografiar om mange diktarar: Balzac, Dickens, Dostojevskij, Hölderlin, Kleist, Nietzsche, Stendhal og Tolstoj.
Zweig hadde eit personleg humanistisk og pasifistisk syn som var bakgrunn for romanen Triumph und Tragik des Erasmus von Rotterdam (1934)
Zweig og kona hans tok liva sine i Petrópolis ved Rio de Janeiro i Brasil i fortviling over undergangen til den europeiske kulturen.[1]
Remove ads
Verk (utval)
- Silberne Saiten (1901), dikt
- Die Liebe der Erika Ewald (1904)
- Tersites (1907)
- «Brennendes Geheimnis» (1911), novelle
- «Verwirrung der Gefühle» (1927) , novelle
- Drei Dichter. Casanova - Stendhal - Tolstoi (1928), biografi
- Joseph Fouché (1929), biografi
- Marie Antoinette (1932), biografi
- Maria Stuart (1935), biografi
- Triumph und Tragik des Erasmus von Rotterdam (1935)
- Castellio gegen Calvin oder Ein Gewissen gegen die Gewalt (1936)
- Ungeduld des Herzens (1939)
- Die Welt von Gestern (Ferdig i 1942, kom ut i 1944, omsett til Verden av i går, no.: 1949). Ingen reell sjølvbiografi, men ei tidsskildring frå leveåra til forfattaren.
- Schachnovelle (1941, omsett til Sjakknovelle, bm.: 1951, nn.: 2019)
- Balzac (biografi, fragment)
Remove ads
Bøker omsette til norsk
- Flukten, 1900
- Amok, 1928
- Joseph Fouche Portrett av eit politisk menneske, 1930
- Helbredelse ved aand Franz Anton Mesmer — Mary Baker-Eddy, — Sigmund Freud, 1931
- Marie Antoinette Bilete av ein gjennomsnittskarakter, 1933
- Maria Stuart, 1936
- Magellan, Mannen og hans verk, 1938
- De utolmodige av hjertet, Roman, 1939
- Verden av i går, 1948
- Tolstoi, 1940
- Verden av i går, 1951
- Sjakknovellle, 1951
- Evige øyeblikk Tolv historiske miniatyrar, 1952
- Leporella, 1954
- Den evige brors øyne 1959
- Volpone : Komedie uten kjærleik i tre, 1965
- De utålmodige av hjertet, 1966
- Legender, 1969
- Verden av i går 1993
- I følelsenes vold, 2000
- Sjakknovelle og andre tekstar. Skald 2019.[2]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads