Tjelta
bygd og moderne tettstad i Sola kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tjelta er opphavleg ein gard, i dag òg ein tettstad i den sørlege delen av Sola kommune i Rogaland fylke, ca. 6 kilometer sør for sentrumsområdet i kommunen. Riksveg 510 går gjennom staden. Statistisk sentralbyrå nyttar namnet Stenebyen på tettstaden, han har 997 innbyggjarar per 1. januar 2024. Tjelta ligg ca. 1,5 km søraust for bustadområdet og tettstaden Hålandsmarka.
Garden Tjelta grensar til Ræge og Gimra i nord, mot Håland og Helleland i vest og Dysjeland i sør.[1] I aust ligg matrikkelgarden Kjellingland i Julebygda, Sandnes kommune.[2]
Det er samla fleire fortidsminne på garden, ein koparkjele, armringar, økser og det finst ein skålgropstein der.[3]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads