Stensjön i Tyresta

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stensjön i Tyrestamap
Remove ads

Stensjön i Tyresta nationalpark er ein høgtliggande innsjø i kommunane Tyresö og Haninge i landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen er relativt djup, med steinete og bratte breidder, med unntak av ei mindre bukt som ligg på Haninge-sida. Omkringliggande skogområde vart øydelagt i den store skogbrannen som herja området i 1999.

Kjappe fakta Land, Tilsig ...

Stensjön inngår i Åvaån-vassdraget, og uløpet skjer via Lanan, som eigenleg er ei oppdemmet vik som fører til ei damsluse overfor Nedre dammen. Ved Nedre Dammen ligg Stensjödal, som er ein bygning frå 1700-talet, då det var både kvern og sag her, forutan uthus og bustader. Elva renn vidare forbi Åvas kvernruinar, og ei gammal bru der Åvavägen tidlegare kryssa elva. Åvaån slynger seg gjennom eit vent kulturlandskap med beiteenger og slåtteenger fram til byggefeltet Åva, der han til slutt munnar ut i Åvaviken og Austersjøen.

Stensjöns tilløp kjem frå, omfram avrenning frå den omkringliggande skogen, frå Löpanträsk i vest og frå Mörtsjön i nord. Eit nordvestleg tilløp kjem òg frå Årsjöbäcken som går frå Årsjön. På det stupbratte berget nord for innsjøen, ligg fortidsborga Stensjöborg. Det er gjort funn av fleire buplassar frå steinalderen på berga rundt heile innsjøen.

Remove ads

Bilete

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads