Stig-André Berge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stig André Berge (fødd 20. juli 1983) er ein norsk brytar frå Groruddalen. Berge representerer Oslo Bryteklubb. Han vann ein bronsemedalje under Sommar-OL 2016.[1]
Berge vann EM-sølv i 60-kilosklassa i 2007 og i 63 kg i 2018 og 2019. Han tok VM-bronse i 59 kg i 2014 og OL-bronse i Rio de Janeiro 2016. Åra 2009, 2013, 2014 og 2015 vart han nordisk meister. Perioden 2001-19 vann han 11 gullmedaljar i norske meisterskap i bryting, fordelt på 54 kg (1), 60 kg (1), 66 kg (7) og 67 kg (1). Han vart tildelt to kongepokalar.
Berge kvalifiserte seg til sommar-OL 2008 i Beijing, men rauk ut etter den fyrste kampen, der han møtte Nurbakyt Tengizbayev frå Kasakhstan.[2] Under eit stemne i Finland våren 2012 kvalifiserte han seg til OL på nytt[3], og tevlar for Noreg under sommar-OL 2012 i London. Berge bryt vanlegvis i 66-kilosklassen i Noreg, men fekk bryta i 60-kilosklassen i London. Diverre tapte han også her sin fyrste kamp; åttandedelsfinalen mot Hasan Alijev frå Aserbajdsjan og rauk med det ut av OL.[4]
Kjærasten til Stig André Berge, Rosel Utne, er også brytar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads