Stjertbergkall

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Stjertbergkall
Remove ads

Stjertbergkall (Cinclodes pabsti) er ein sporvefugl i omnfuglfamilien som lever i søraustlege Brasil.

Kjappe fakta

Stjertbergkallen er ein bergkall på 21–22 cm med relativt langt nebb. Undersida er lys gråbrun, oversida mørkare. Strupeområdet er lyst og han har ei markert lys augebrynstripe. Stjerten er lang og mørk brun. Lætet er ei langvarig trille som aukar i styrke.

Denne fuglen er endemisk for eit avgrensa og område i delstatane Santa Catarina og Rio Grande do Sul i sørlegste Brasil. Habitatet for arten er variert, nær vatn på opne område.

Arten er vurdert som nær truga, populasjonen er ikkje estimert, men er trudd å vere minkande. Habitatet blir øydelagt av skogplanting på grasmarker, turisme, gruvedrift og husdyrhald.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Stjertbergkall


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads