Alpehumle
insektart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alpehumle eller stor fjellhumle (Bombus alpinus) er ei humle som lever opp til mellomalpin sone i fjellet. Ho har svart pels på mellomkroppen og oransje pels på heile bakkroppen utanom på det fyrste leddet.
Alpehumle er ei av dei største humlene i fjellet og kan ofte finnast på blømande vier om våren. Arten kan finnast ned i bjørkebeltet; men er lite vanleg i låglandet, der han stundom kan finnast langs kysten, særskilt i Nord-Noreg og om våren.
Alpehumle kan forvekslast med polarhumle, ein mindre art. Arbeidarar av alpehumle kan forvekslast med dronningar av sørleg form av lapphumle og dronningar av berghumle.
Alpehumle finst i Fennoskandia, på Kolahalvøya og i Alpane. I Noreg er ho vanleg i fjellet frå nord i Rogaland til Finnmark.[2]

Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforskning
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads