Store Torskefjorden
fjord i Finnmark From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Store Torskefjorden (samisk Stuorra Dorskavuotna) er ein fjordarm av Laksefjorden i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 5,5 km søraustover til Haug i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Store Torskefjordklubben i nord og Lille Torskefjordklubben i sør. Sør for Lille Torskefjordklubben ligg Lille Torskefjorden. Garden Hamna ligg på sørsida av fjorden og like aust for Hamna smalnar fjorden kraftig inn. Dette sundet vert berre kalla Straumen. I den indre delen av fjorden ligg gardane Eidet, Moen og Haug på sørsida. Fjorden er 51 meter på det djupaste, like nord for Hamna.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads