Storhjerne

From Wikipedia, the free encyclopedia

Storhjerne
Remove ads
Remove ads

Storhjernen eller cerebrum (latin for hjerne) visar til dei delane av hjernen som er samansett av hjernebark i dei to hjernehalvdelane.[1][2] Det plar òg å vise til strukturane som ligg under barken, nemleg hippocampus, basalgangliane og luktekolben. Hjå menneske er storhjernen den øvste strukturen i sentralnervesystemet. Telencefalon visar til den embryonale strukturen som storhjernen oppstår frå. Den ryggvende telencefalon, pallium, utviklar seg til hjernebark hjå pattedyr; den framovervende telencefalon, subpallium, utviklar seg til basalgangliar. Storhjernen blir delt inn i to nokså symmetrisk halvdelar, venstre og høgre hjernehalvdel.

Thumb
Hjernelappane i storhjernen er pannelappen (blå), tinninglappen (grøn), bakhovudlappen (raud) og isselappen (gul). Veslehjernen er ikkje del av storhjernen, og er difor ikkje merka, men den er vist i kvitt med svarte striper.

Storhjernen jobbar i lag med veslehjernen for å styre alle dei friviljuge kroppshandlingane.

Remove ads

Fleire bilete

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads