Storfjorden i Lyngen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads

Foto: Simo Räsänen
.Storfjorden (samisk Omasvuotna, finsk Omasvuono, Isovuono) er den inste delen av fjorden Lyngen i Storfjord kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 17 km sørvestover til Hatteng i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom bygda Rasteby i vest og Falsnesodden i aust. Skibotn ligg like aust for Falsnesodden. Litt inn i fjorden ligg bygda Elvevoll på austsida og litt lenger sør ligg grenda Sandøyra. Tvers over fjorden for desse ligg dei to grendene Elsnes og Horsnes.
Inst i fjorden ligg tettstaden Hatteng og her munnar Signaldalelva ut i fjorden. Frå botn av Storfjorden er det om lag berre 20 km langs Balsfjordeidet til Nordkjosbotn inst i Balsfjorden.
E6 går langs heile austsida av fjorden, medan Riksveg 868 går langs vestsida.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
