Storrslekta
planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Storr er ei planteslekt i storrfamilien. Storr er fleirårige plantar som veks enkle, i tuver eller med strå i rekkje på krypande jordstengel. Dei har som oftast trekanta strå og renneform blad.
Blomsteren er einkjønna. Hannblomstrar og hoblomstrar kan veksa på kvar sin plante, eller oftast på same plante, og då i same aks, eller i hannaks og hoaks, hannaks øvst og hoaks nedst. Det sit eit støtteblad under kvart aks, og eit dekkskjel under kvar blomster. Artar med normalt reine hoaks kan ha nokre hannblomstrar i hoaks, og somme artar med reine hannaks kan ha nokre hoblomstrar i hannaks. Nøtta er gøymd i eit hylsterforma skjel, fruktgjømmet. Det er berre dette hylstret som er synleg utanfrå. Blomen har to eller tre arr. Det vert danna ei flat nøtt når det er to arr, og ei trekanta nøtt når det er tre arr. Hybridar er vanlege. Hos hybridane kjennest hylstret mjukt når ein klemmer på det, fordi der ikkje er utvikla noko nøtt i det. Storrartane er det lettast å finne greie på i fruktstadiet.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads