Stortingsmann Adolf Pedersen
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Adolf Theodor Pedersen (10. juli 1863–9. november 1927) var ein norsk jurist og direktør frå Skudeneshavn i Rogaland. Han var stortingsmann 1903-09 for Moderate Venstre og sidan Samlingspartiet.
Pedersen var son til ein handelsmann. Sjølv var han fisketelegrafist frå han var 15 til 22 år gammal. Etter han vart cand.jur. i 1891, var han sakførar i Stavanger frå 1893. Frå 1909 arbeidde han som statsadvokat i Vest-Agder og Stavanger lagsokn. Pedersen var medlem i bystyret i Stavanger frå 1898. Han hadde ei mengd verv, både av privat, sivil og offentleg karakter. Mellom anna var han styreformann i bladet Vestposten og 1915-17 i Stavanger Museum. I 1917 fekk han stillinga som direktør i Norges Brandkasse, og flytta då til hovudstaden.
Perioden 1903-06 representerte han Stavanger by på Stortinget, deretter 1906-09 einmannskrinsen Verket (i Stavanger). Fyrste perioden var han medlem i Justiskomiteen, i den andre i Kyrkjekomiteen.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads