Stralsund

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stralsund
Remove ads

Stralsund er ein by i Tyskland i delstaten Mecklenburg-Vorpommern med om lag 60 000 innbyggjarar. Byen ligg på sørkystne av Strelasund (eit sund i Austersjøen mellom øya Rügen og fastlandet). Ei bru (Rügendamm) og fleire ferjer går frå Stralsund til hamna på Rügen.

Kjappe fakta Land, Stat ...

Byen står i dag på UNESCO si verdsarvliste.

Dei største industriane i Stralsund er skipsbygging, fiske og i aukande grad turisme.

Remove ads

Historie

Thumb
Flyfoto over Stralsund i 2011.

Byen ved elva Strela vart grunnlagd som Stralov/Strelov i 1234 av slavarar frå Rügen (Rana). Kjøpmenn frå Tyskland kom her dei neste åra og byen byrja å vekse. Etter kvart vart byen ein utfordrar til den mektige byen Lübeck, som sette fyr på Stralsund i 1249. Etter dette vart byen bygd opp att med ein massiv bymur med 11 portar og 30 vakttårn.

I 1293 vart Stralsund medlem av Hansaen. 300 kogger under Stralsund sitt flagg segla på Austersjøen på 1300-talet.

I 1628 omleira general Albrecht von Wallenstein byen under trettiårskrigen fram til svenske troppar kom til Stralsund og tvinga generalen tilbake. Etter krigen gav freden i Westfalen i 1648 Vorpommern og byen Stralsund til Sverige, og vart Svensk Pommern. Under den store nordiske krigen i 1715 forsvarte Karl XII Stralsund i eitt år mot dei sameinte europeiske hærane. Stralsund var under svensk kontroll fram til 1815, då han vart ein del av Preussen.

Frå 1949 til gjenforeininga av Tyskland i 1990 var Stralsund ein del av Aust-Tyskland.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads