Strandsmelle
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Strandsmelle (Silene uniflora) er ein fleirårig urt i nellikfamilien. Utbreiingsområdet ligg innanfor Europa.
Strandsmella vert kring 10-20 cm høg, har snau kålgrøn liggjande stengel med opprette fåblomstra greiner, og smale kjøttfulle blad. Utbøygde bergtenner. Ho har store kronblad med to små sideflikar og 6 bogne kapseltenner. Planta blømer kring juni på havstrender, der arten er vanleg. Ho kan også finnast på berg langt frå sjøen, i Noreg opp til 1260 moh.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Strandglim» frå Wikipedia på svensk, den 24. juni 2010.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads