Struten fyrstasjon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Struten fyrstasjonmap
Remove ads

Struten fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein liten holme i Oslofjorden sør for Hankø i Fredrikstad kommune i Østfold. Rett vest for fyret ligg Nøtterøy og Tjøme.

Kjappe fakta Fylke, Kommune ...

Fyret bestod av ein fyrbygning med lite lykterom på toppen av huset og vart bygd i 1907. Då fyret vart automatisert i 1985 vart fyrlykta plassert på ei søyle sørvest for huset.

Thumb
Plasseringa til Struten fyrstasjon

Sjømannforeiningar i Fredrikstad og Sarpsborg søkte om å få sett ut eit fyr på Struten i 1886, men fekk avslag. I staden vart det i 1901 sett ut ein orgelbøye like nord for Struten. I 1904 forliste barken «Sir John Lawrence» ved Struten og mannskapet på 13 omkom. Det vart då reist nytt krav om fyr på holmen og denne gongen fekk dei godkjenning. Fyret bestod av ein fyrbygning med lite lykterom på toppen av huset og vart bygd i 1907. Då fyret vart automatisert i 1985 vart fyrlykta plassert på ei søyle sørvest for huset.

Under den andre verdskrigen bygde tyskarane tre kanonstillingar rundt fyrhuset, men desse vart aldri teke i bruk.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads