Suharto

indonesisk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Suharto
Remove ads

Suharto (8. juni 192127. januar 2008) var den andre presidenten i republikken Indonesia. Han styrte landet med jarnhand frå då Ahmed Sukarno vart styrta i 1967 til dess han sjølv vart tvinga gå av i 1998.

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Remove ads
Remove ads

Liv og virke

Haji Muhamed Suharto var fødd i landbyen Kemusuk på øya Java i den dåverande kolonien Nederlandsk Aust-India. Foreldra vart skilde då han var liten og han voks opp i små kår, mykje hos fosterforeldre.

Under den japanske okkupasjonen av Indonesia 1942–1945 gjorde Suharto teneste i dei japansk-kontrollerte indonesiske militær-styrkane. Då fridomskampen tok fart gjekk han inn i den nydanna indonesiske hæren. Etter frigjeringa i 1949 steig Suharto i gradane og var i 1965 generalmajor.

Statsleiar

Eit forsøk på statskupp 30. september 1965 vart slått ned av Suharto-leidde troppar. Det vart hevda kuppforsøket var støtta av det indonesiske kommunistpartiet. Suharto stilte seg så i spissen for eit militærkupp. Hæren slo ned venstreorienterte demonstrasjonar og sette omgåande i gang med å fengsle og drepe kommunistar, i det som etterretningsorganet CIA i USA har skildra som eit av dei verste massemyrderia i det 20. hundreåret. Suharto greip meir og meir makt frå den sitjande presidenten, Ahmed Sukarno. I 1966 vart Suharto regjeringssjef og tok året etter over som fungerande president, innsett offisielt 27. mars 1968.

Suharto sette i verk store samfunnsendringar gjennom det som har vorte kalla av-sukarnosering. Gjennom politikken sin skapte Suharto ei sterk, sentralisert og militær-dominert regjering. Målet var å opprette stabilitet og halde kontroll over det mangearta og spreidde indonesiske riket. For si anti-kommunistiske linje fekk han heilhjerta støtte frå USA, både økonomisk og diplomatisk.

I dei fyrste tjue åra av Suharto si regjeringstid betra dei økonomiske tilhøva seg med omfattande industrialisering.[treng kjelde] Både helsestellet, undervisningssektoren og levestandarden betra seg mykje. Han slo ned på all meiningsmotstand, så politisk var Indonesia i realiteten eit militærdiktatur. Etter 1990 auka misnøya med det autoritære hardstyret til Suharto og den stendig meir omseggripande korrupsjonen. Ei alvorleg pengekrise leidde til omfattande uro i landet og han vart tvinga til å gå av i mai 1998.

Transparency International meiner Suharto har vore den mest korrupte statsleiaren i tida etter 1950, og skal ha sikra seg ein stad mellom 100 til 300 milliardar kroner.

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads