Paralingvistisk kommunikasjon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Paralingvistisk kommunikasjon er ein komponent i metakommunikasjon som kan endre meining, gje nyansert meining eller formidla kjensler, ved å bruka oversegmental teknikk som prosodi, inkludert tone, volum, intonasjon osb. Det blir til tider definert som berre tilknytt ikkje-fonemisk eigenskapar. Paraspråk kan uttrykkast medvite eller umedvite.

Studiet av paraspråk er kjent som paralingvistikk og blei utvikla av George L. Trager på 1950-talet, medan han arbeidde ved Foreign Service Institute i det amerikanske utanriksdepartementet. Kollegane hans på den tida var mellom anna Henry Lee Smith, Charles F. Hockett (som samarbeidde med han om å bruka deskriptiv lingvistikk som modell for paraspråk), Edward T. Hall som utvikla proxemikk, og Ray Birdwhistell som utvikla kinesikk.[1]

Remove ads

Døme

Gisp

Gisp er ein type paralingvistisk pust i form av plutseleg og skarp innanding av luft gjennom munnen. Eit gisp kan indikere at ein har vanskar med å puste og eit forsøk på å få luft inn i lungene i panikk. Gisp kan også uttrykka kjensler som overrasking, sjokk eller avsky. Som sukk, geispar eller stønn er eit gisp ofte ei automatisk og utilsikta handling.[2] Gisping er nært knytt til sukk, og innandinga som karakteriserer eit gisp som blir utløyst av sjokk eller overrasking kan bli utanda som eit sukk dersom hendinga som forårsaka den fyrste reaksjonen blir funne for å vera mindre sjokkerande eller overraskande enn sjåaren fyrst trudde.[3]

Sukk

Sukk er ein type paralingvistisk ande i form av ei djup og særskild høyrbar, einskild utanding av luft ut av munnen eller nasen, som menneske bruker til å uttrykka kjensler. Det er ein stemd faryngal frikativ, som til tider er assosiert med eit gutturalt glottalt utpust med låg tone. Det oppstår ofte frå ei negativ kjensle, som forferding, utilfredse, keisemd eller nytteløyse.[4] Eit sukk kan òg oppstå ut frå positive kjensler, som letting,[5] særleg som reaksjon på at ein negativ situasjon har enda eller blitt unngått. Som eit gisp, geisp eller stønn er sukk ofte ei automatisk og utilsikta handling.[6]

Forsking har vist at babyar sukker etter 50 til 100 andedrag. Dette hjelper til med å forbetra dei mekaniske eigenskapane til lungevevet, og det hjelper òg spedbarna til å utvikla regelmessig pust. Åtferd tilsvarande sukk er òg blitt observert i dyr som hundar, aper og hestar.

Sukking er òg ein refleks som er styrt av nokre få neuronar.[7]

Kremting

Kremting er ein meta-meldande, ikkje-verbal form for kommunikasjon.[8] Det kan brukast til å kunngjera nærvære når ein kjem inn i eit rom eller nærmar seg ei gruppe. Kremting kan utførast av individ som oppfattar seg sjølv som av høgare rang enn gruppa dei kremtar til, og brukar det som ein måte å kommunisera denne oppfatninga på til andre.[9] Kremt kan også vera ei ikkje-verbalisert melding om at ein misliker noko.[10][11]

I sosiale hierarki hjå sjimpansar er denne typen lyd eit teikn på rang, som blir dirigert av alfahannar og sjimpansar med høgare rang til dei med lågare rang og signaliserer ei mild åtvaring eller litt irritasjon.[12]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads