Surgut
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Surgut (russisk Сургу́т) er den største byen i Khanty-Mansia i Russland. Han ligg ved elva Ob, rundt 250 km aust for Khanty-Mansijsk.
Namnet på byen kjem ifølgje ei segn av dei khantiske orda «sur» (fisk) og «gut» (hol, grop).
Remove ads
Historie


Surgut er ein av dei eldste byane i Sibir. Han vart grunnlagt i 1594 etter ordre frå tsar Fjodor I.
Urbaniseringa av Surgut fann stad på 1960-talet, då han vart eit senter for olje- og gassproduksjon. 25. juni 1965 fekk arbeidsbusetnaden Surgut bystatus.
Økonomi og næringsliv
Økonomien i Surgut er knytt til oljeproduksjon og handsaming av naturgass. Dei største verksemdene er oljeselskapet Surgutneftegaz (ofte berre kalla Surgut) og Surgutgazprom (ei avdeling av Gazprom). Kraftverka GRES-1 og GRES-2 produserer over 7200 megawatt og forsyner mesteparten av regionen med relativt billig elektrisitet.
Transport
Surgut lufthamn ligg 10 km nord for byen og har ruter til Moskva, Dubai, Sankt Petersburg, Irkutsk og fleire andre byar. Jernbanen Tjumen–Novyj Urengoj går gjennom byen. Surgutbrua over Ob er den lengste eittårns skråkabelbrua i verda.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads