Suzdal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Suzdalmap
Remove ads

Suzdal (russisk Су́здаль) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kamenka, ei sideelv til Nerl, rundt 30 km nord for Vladimir.

Kjappe fakta Suzdal Суздаль, Plassering ...
Remove ads

Historie

Thumb
Euthymiusklosteret med katedral og klokketårn
Thumb
Suzdal i 1912. Foto av Sergej Prokudin-Gorskij

Byen vert første gong nemnd i historiske kjelder i 1024, men han er truleg eldre enn det. I mange hundreår var han hovudstad for fleire russiske fyrstedøme.

Etter at byen vart mindre politiske viktig, vart han meir viktig som eit religiøst senter med fleire kloster og særs mange kyrkjer i forhold til innbyggjartalet. På eit tidspunkt hadde byen førti kyrkjer på fire hundre familiar.

Remove ads

Attraksjonar

I dag er byen eit viktig turistsenter, med mange fine døme på gammal russisk arkitektur, hovudsakleg i form av kloster og kyrkjer. Byen er ein del av den russiske turistruta Den gylne sirkelen. Når ein går gjennom byen kan ein få inntrykk av at kvar tredje bygning er ein kyrkje.

Sjølv om byen har over ti tusen innbyggjarar, så har Suzdal halde utsjånaden og kjensla av å vere ein liten landsby, med bekkar og enger, høns og husdyr som vanlege syn i gatene i byen. Enkelte av gatene er ikkje asfaltert. Denne blandinga av praktfull mellomalderarkitektur og eit landleg miljø gjev Suzdal ein malerisk sjarm og om sommaren er kunstnarar og staffeli eit vanleg syn.

Thumb
Pokrovskij-klosteret i Suzdal
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Suzdal


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads